Sykkelkjærleik

Nyheter

Sykkelkjærleik

Kåseri av Linda Eide

Ein skal ikkje strø om seg med ei frase som «eg elskar» i tide og utide. Helst bør ein elska berre eitt einaste fenomen, nemleg den du elskar. Altså ein person. Din kjære. Og det gjer eg. Eg lovar.

Men det må vera lov å ha noko kjært. Noko som ikkje er av kjøt og blod, men som likevel kjennest som ein ven. Ein trufast ven som aldri sviktar, som tek deg dit du skal, som gir deg ei sterk kjensle av fridom, i den elles så rigide kvardagen. Kvardagen som er styrt av avtalte klokkeslett, møte i rett tid, og minimal slinger i valsen. Og der du attpåtil kan bli skipla av rutetider, rushtider, kork i trafikken, motorhavari og eg veit ikkje kva.

Sjølv har eg ikkje måtta tatt omsyn til dette på over 20 år. Eg har sett folk springa til bussen, og fortvila kasta seg over rutetabellar når dei har kome for seint. Eg har sett bilar stå, eller snigla seg over Danmarksplass i gå-tempo. Alt dette har eg sett frå eit sete på ein sykkel. Ein sykkel som alltid har tatt meg til jobben på under 20 minuttar, uansett tidspunkt på dagen. Ein sykkel som alltid har stått klar til bruk i kjellaren. Som alltid har starta når eg har bede om det. Sykkelen gjer meg fri. Den gongen eg hadde bil, kjende eg meg fanga. I køar, på parkeringsplassjakt, av bøter, teknisk havari, verkstadrekningar, kontrollar. Eg hugsar den dagen i 1996 då eg kvitta meg med bilen. Det kjendest ut som ei bør som vart tatt vekk frå skuldrene mine. Eg kunne saktens låna, eg kunne saktens leiga, men eg ville aldri meir eiga. Ikkje éin einaste dag i løpet av 20 år har eg sakna å eiga ein bil. Og eg var ingen kven som helst i bilverda, berre så det er sagt. Eg var ein fullblods bilist som hadde hatt bil sidan eg var prikk 18 år. Eg hadde køyrt hit og dit og lenger enn langt. Og kort. Slik ein gjer på bygda. Hentar posten med bil. Køyrer til naboen. Køyrer på trening. Køyrer til fjells. Køyrer, køyrer køyrer. Nordmenn si bilkøyring er i verdstoppen og nesten ikkje til å tru. Og mi bilkøyring var i same stil. Eg trudde eg var avhengig av bil for å få gjera alt eg ville. Det var eg ikkje. Eg har gjort mykje mykje meir etter at sykkelen overtok transporten av kroppen min. Kort og langt.

På besøk til vener på Landås – eller til bror min i Nederland. Og det siste er sant. Ein sommardag for vel ti år sidan gjekk eg ut døra heime i Nygårdsgaten, saman med min Lemond resar-sykkel, som eg hadde lasta ned med to sykkelvesker. Eg trilla bort til Skoltegrunnskaien og tok Danskebåten, gjekk av i Hanstholm og sykla meg nedover kartet, gjennom Danmark og Tyskland og til ein liten landsby nord i Nederland. Eg brukte nesten éi veke, men det står for meg som noko av det friaste eg har gjort: å gå ut av heimen, sykla seg gjennom to og eit halvt land og knakka på ei dør og håpa på at bror min var heima.

Eg seier altså ikkje at eg elskar syklane mine, men eg har dei overmåte kjær. Og aller kjærast er nok akkurat den Lemonden som eg sykla til bror min med, den gongen. For etter det har den tatt meg opp på alpetoppar og ned til storbyar og hit og dit i Pyrenear og Dolomittar. Eg tek meg i å tenkja på han som ein ven. Eg besjelar han. Men eg er glad i den raude DBS-en min også. Som tek meg til jobben og på handel i sentrum, og til hit dit, og som eg vrengjer opp og ned på høge fortauskantar og rundt i håplause vegbanar i ein by som ein gong sovna i sykkelplanleggings-timen, men som i over 15 år har lova å vakna. Som i 15 år har lova å satsa på sykkelen, og som i 15 år aldri har gjort det. Og kvifor Bergen aldri reelt har satsa på sykkelen, kjem eg aldri til å forstå. For eg kan ikkje komma på ei betre oppfinning enn sykkelen. Det må i så fall bli hjulet. Og det må det jo. Men poenget er: Sykkelen har alt som vert kravd av eit transportmiddel i vår tid. Han forureinar ikkje, han tek ein tidel av plassen til ein bil, og som om ikkje det var nok: Han gir folk mosjon. Sykkelen er altså:
* utsleppsfri
* arealsparande
* helsefremjande

Sjå nøye på desse tre spesifikasjonane. Og ta dei inn. Er ikkje dette eit kinder-gullegg? Er ikkje dette heureka? Er ikkje dette rett og slett draumen av eit transportmiddel i ein norsk by som er så mild at han nesten aldri har liggande snø? I ein by som er så sterkt forureina at eksosutsleppa berre må ned. I ein by, i eit land, der det største helseproblemet i vår tid er stillesitjing? Korleis kan ein by som Bergen IKKJE byggja meir vegar og plass til å sykla på? Korleis kan ein by som Bergen IKKJE taareal frå privatbilismen til fordel for sykkelen? Korleis kan einby som Bergen IKKJE byggja gjennomgåande sykkelfelt i sentrum? Korleis kan ein by som Bergen IKKJE gi sykkelen meir plass og fleire fordelar? Eg har spurt meg sjølv dette i 20 år, og sterkare og sterkare for kvart år. For kvart år som forureininga har auka, klimaproblema har auka, helseproblema har auka og, utruleg nok, privatbilismen har auka.

I 2004 laga ei ein TV-dokumentar, «Døden bak styret», der eg prøvde å finna svaret på dette spørsmålet: Kvifor syklar nordmenn så lite, og andre, for eksempel nederlendarar, så mykje? Svaret eg fann, handla definitivt ikkje om topografi eller klima, men definitivt om politisk vilje. Men dokumentaren slutta optimistisk med opninga av sykkelfelt-tunnelen i Sandviken. I opningstala lova dåverande byråd Lisbeth Iversen ei knallhard sykkelsatsing i Bergen. Og eg hugsar at eg jubla inni meg då ho kom med visjonen om at sykkelen skulle bli det mest brukte transportmiddelet innanfor ein radius på fem kilometer. Ja, du les rett, ho sa det, at politikarane ville at sykkelen skulle bli det mest brukte transportmiddelet i Bergen by! Og eg trudde det. Eg trudde at no, no endeleg skjer det noko! Den gongen var transportsyklinga i Bergen på nasjonal jumboplass, rekordlåge 3 prosent. I dag, etter 15 års såkalla sykkelsatsing i Bergen er talet det same, eller rettare: 2,8 prosent. Det skal jo ikkje gå an. Men det gjer det. Og ein kan missa alle illusjonar av mindre. Men ikkje Bergen kommune. For denne byen er ikkje tam; med den havarerte måloppnåinga i lomma har Bergen like godt gått hen og kalla seg sykkelby. Sykkelby!? Ok. Eg skal kasta over bord alle orda eg eigentleg kunne tenkja meg å skriva om eit så totalt misvisande namn. I staden skal eg ta det i beste meining. For no har byen eg bur i, to alternativ: enten å kvitta seg namnet eller å leva opp til det. Å gjera det fyrste er ei ærleg sak. Å gjera det siste er det einaste rette.

Og i elsk til byen eg bur i, skal eg lova å sjå dei lysglimta som trass alt kan skimtast no. Og eg skal lova å halda fram med å sykla. Saman med min kjæraste av kjøt og blod, og min kjære av metall og gummi. Vakrare blir det ikkje.