SVV kontorstad Bergen er utpeikt som Sykkeldynamo

Nyheter

SVV kontorstad Bergen er utpeikt som Sykkeldynamo

Statens vegvesen kontorstad Bergen er utpeikt som Sykkeldynamo, og er dermed den tredje verksemda i Bergen som kan smykke seg med tittelen.

Ved Statens vegvesen kontorstad Bergen jobbar det om lag 400 personer. Hausten 2015 flytta dei inn i nye lokalar i Nygårdsporten i Bergen sentrum. Regionvegsjef i Statens vegvesen Region vest, Helge Eidsnes, seier at dei har hatt ein heilt bevisst tanke bak plasseringa av kontor i sentrum.

– Når vi skulle velje ny lokalitet for kontoret ynskte vi å bli meir publikumsvenlege med ei sentral plassering. No kan publikum og samarbeidspartnarar besøke oss utan å måtte bruke bil, seier Eidsnes.

I tillegg hadde vi eit ynskje om at eigne tilsette skulle nytte andre reisemåtar til arbeid enn bil. I Nygårdsporten er det ikkje parkeringsplassar for tilsette. Ei intern undersøking av reisemiddel til og frå arbeid ved Bergen kontorstad viser at 5 prosent brukte sykkel til jobb før flyttinga i mars/april 2014. I oktober/november 2016, etter flyttinga, hadde dette auka til vel 13 prosent. Sidan det generelt er færre syklar om vinteren, og sykkelbruk lett vert påverka av vêret, er det truleg fleire enn 13 prosent som vel sykkel i sommarsesongen. Teljingar i sykkelgarasjen viser om lag 15 prosent sykkelbruk om sommaren.

I sykkelgarasjen er det plass til 120 syklar og her står dei trygt, varmt og tørt. Det er òg utstyr for enkel reparasjon, sykkeldusj, og det er mogleg å lade el-syklar. Moglegheita for eige skap i garderobeanlegget vegg i vegg bidrar òg til å gjere jobbsyklinga enklare.

Sjølv om Statens vegvesen kontorstad Bergen har en positiv utvikling i andelen syklande vil regionvegsjefen gjerne at endå fleire set seg på sykkelen.

– Vi har til dømes eigne el-syklar til utlån for dei som vil teste dette, og vi skal prøve å strekke oss enda lenger når det gjeld å oppmuntre og legge til rette for at fleire tilsette syklar.

Regionvegsjefen synest det er veldig kjekt at det vert lagt merke til arbeidet som er gjort for å få fleire til å velje sykkelen. Det ligg mange tankar og mykje godt arbeid bak den flotte løysinga vi har her i Nygårdsporten, seier han.